mjolfjell

Aktuelt

Midlertidig restriksjonsområde Mjølfjell

Luftfartstilsynet har oppretta eit restriksjonsområde i luftrommet over Mjølfjell i Voss kommune, i samband med militær droneflyging i området. Restriksjonsområdet kan aktiverast heile døgnet i perioden frå 11. november 2024 kl. 8.00 til 15. desember 2024 kl. 18.00.

Området er har same utstrekning som fareområdet EN D255 til vanleg. Oppretting av restriksjonsområdet inneber at det er forbode å fly inn i området når det er aktivert. Forbodet er berre gjeldande når restriksjonsområdet står som aktivt i NOTAM

Forsvaret skal sørge for at området aktiverast 30 minutt før flyging. Forbodet gjeld all flyging – inkludert førarlasut luftfartøy og modellfly. 

 
Meir info finn de her.