01329505

Aktuelt

Flystadinfo vår 2024

Vekstsesong

Grunna vekstsesongen lyt vi ta ekstra omsyn på nokre av flystadene våre framover. Dette gjeld spesielt for dei etablerte flystadene til klubben. Men vi vil oppfordre alle til å følgje med etterkvart som graset veks og det nærmar seg slått, ot vis omsyn til dette kor enn ein ferdast. Er ein i tvil bør ein alltid førhøyre seg med grunneigar på førehand. 

Landing Aurland: Ope frå 27.05. Nyslått og gjødsla.  

Skulebakke Bømoen: Ope, men ta hensyn rett før slått. 

Ta elles omsyn til beitedyr, og lat att grindar der ein ferdast. Ingen parkering i gardstuna. 

Avgifter 

Hugs på bomavgifter på private vegar som vanleg.

Klubbilen er førehandsbetalt til Gjelle, privatbilar må betale bomavgift. 

Landingsavgift Aurland

Landingsavgift i Aurland er 10 kr per tur, eller 300 kr for landing i eitt år. 
Vippsast til #138308 «Voss HPK flyavgift Aurland».